Klar for sommaren!
(Har eg plass til fleire putekassar på terrassen mon tru?)

Mine hobbyer og litt til



I vinter har eg gått på kurs i keramikk. Kurset gjekk bare over ei helg + eit par timar til maling, så det blei ikkje tid til å læra å dreia. Det håpar eg å få tatt eit kurs i seinare. Ellers er det mykje å læra om ulike typar glasurar og maleteknikkar, så det hadde vore kjekt med eit kurs i det og. Det var iallefall knallgøy, og eg har store planar om å prøva meg vidare på dette.
Sidan det snart er jul fant eg ut at det var på sin plass med ein engel
To par lysestaker blei det og

Det er tid for julegløgg, og då må me jo ha gløggkoppar
(de ser litt skeive og skakke ut, men det var faktisk meininga...heilt sant:-)

Og espressokoppar:

Godt fornøyd med mitt aller første kurs i keramikk, og som sagt; det fristar så absolutt til å fortsetta med!
Det er stadig litt oppussing på gong, og ekstra kjekt er det å pussa opp etter at det blei "lov" med litt mønster og fargar igjen.
Her er det tv-stova som har fått seg ein "makeover"
Tenåringsdattera ønskte seg eit litt "freshare" rom, og då blei det slik
Veldig godt fornøyd med begge deler!



Har hatt ein aldri så liten shopping hos Himmelrommet. Blant anna så bestilte eg denne kortholderen. I fjor hadde eg julekort og -bilder i alle hyller, men i år skal dei få henga fint på utstilling i kortholderen. Så no er det bare å vente på julekorta.
Ellers var det ein veldig koselig pakke som kom i posten fra Himmelrommet. I lag med varene eg bestilte låg det litt godteri og ein hånd- og fotkrem. Om det var som kompensasjon for at pakken min blei litt forsinka eller om dette er vanlig service, veit eg ikkje, men det var iallefall koselig og flott service!





Fekk lyst å strikke endå eit sett med sjal og pulsvarmere i Mohair Lux. Synes det garnet er så fint med fargesjatteringene, og så er det mjukt og varmt. Dette settet fekk svigerinna mi til 35 års dagen sin.
